Urubamba, 2900 moh. laurdag 3.oktober, kl.18.05. Norsk tid: 01.05 sondag.
No er vi i Peru, kom til landet i gaar kveld etter 15 timar paa fly.
Flaug vidare oppi fjella i dag, og landa paa 3600 moh. Her blei vi tatt imot med levande musikk, og coca-te for aa motvereka hogdesjuke. Saa daa har vi smakt det og, smakte gras! Elles kan vi forsyne oss sa mykje vi vil av bade coca-teen og cocablad, men pappsen let seg ikkje friste. Her er det cola zero som gjeld!
Vi har i dag vore paa 3900 moh, men har no tatt inn paa eit tidlegare kloster, 1000 meter lenger ned. Her maa det aklimatiserast for vi skal i hogda igjen i morgon. Den vesle byen heiter Urumbamba, og er ei oppleving aa vandre i. Eg, Jorunn, let meg sjarmere av smaa ungar som leikar i vegkanten framfore foreldre sin verkstad, og som kosar med laushundane og vinkar til oss som gaar forbi.
Saman med oss her i Peru er 9 andre reiselystne, og ein reiseleiar som er fodt og oppvokst her i Sor-Amerika. Kjekke folk! Standaren paa hotella, og all service er utmerka, vi faar ikkje ein gong bere koffertane vaare. Dette gloymer vi baade titt og ofte, men daa tek dei dei ut av hendene paa oss. Luksus!
lørdag 3. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hilsen fra 2 kjekke nordmenn, som vandrer i samme fotspor som dere !!
SvarSlettFleming & Alejandro
Hehehe:)
SvarSlettHørest kjekt ut! kos dokke masse vidare :)
SvarSlettFrå familien leira