søndag 4. oktober 2009

I fotspora til inkaane - 3400 moh.

I dag har vi farta rundt til to inkabyar. Starta i 3400 moh, og gjekk paa stiar og trapper fraa inkatida ned ei bratt fjellside til ein by 400 meter lenger nede. Papsen er overraskande sprek i hogda, medan Jorunn har gelebein. Deretter besokte vi eit kjempespennande marked, der den lokale handelen fasinerte mest.

I neste by var hogdepunktet aa besoke ein lokal familie, og sjaa korleis dei levde. I eitt rom budde heile familien, saman med to kattar og tredve marsvin. Marsvina er mat, ikkje husdyr. Familien delte paa to senger, hadde husalter med hovudskallane til forfedra paa veggen, saman med tre geitekillingar til tork. I taket hang det fisk og kjot, og over dora skulle ein kross, to hesteskoar og torka lauk hindre vonde aandar aa komme inn. Spennande!

Vi avslutta med 270 hoge og smale trappetrinn opp til eit inkafort, og vart paa nytt imponerte over byggekunstane til inkaane. Det har vore ein kjekk dag, og vi er i kjempeform!

2 kommentarer:

  1. Kjekt å høyre frå dykk. Kjekke bilete. Gunnar har gått på ski i dag.

    SvarSlett
  2. hils Gro&Thorbjørn Ps. og be de ta det pent med coca bladene
    god tur videre
    mvh Dagfinn

    SvarSlett