onsdag 25. november 2009

Krukkesletta og til hovudstaden Vientien

Lagt ut onsdag 25. klokka 19.45 lokal tid.
Vi har no flytta oss fraa Luang Prabang og austover med buss til Krukkesletta, for deretter aa i dag ta fly til hovudstaden Vientien. Dei to siste dogna har vi vore paa fleire spennande marked, besokt den mystiske krukkeslette og ete paa veldig lokale kafear. Vi har ogsaa besokt ein svaert sjarmerande flyplass, utan sikkerheitskontroll, men med mange honer. Her gjekk alt manuelt, utanom den femti aar gamle skrivemaskina som framleis var i bruk.




Her staar vi ved ei av dei storste krukkene, ei av 350 paa dette omraadet (det er 200 omraader fordelt paa 150 km)Krukkene er ca 3000 aar gamle, hogd ut i stein og frakta lange vegar. Dei er framleis eit mysterium, men har truleg blitt brukte som gravkammer.




Dette er kjokkenet paa kafen vi aat foremiddagsmat, men vi er framleis like friske.

1 kommentar:

  1. De er flinke å fortelje, og har det heile tida spennande. Godt at de er friske og opplagde til alle inntrykka. Det må verte filmkveld i vinter!
    Kos dykk vidare! Speidaren og det meste elles går sin gang.Eg ringjer truleg i morgon. Mamma D.

    SvarSlett